Berlin 1930/1995: Fr? Alexanderplatz til Ein weites Feld

  • Gunnar Foss

Abstract

Papiret vil, med teoretisk utgangspunkt i ei kritisk lesing av G?nther Anders? essay ?Der verw?stete Mensch. ?ber Welt- und Sprachlosigkeit i D?blins ?Berlin Alexanderplatz??, gjera ein jamf?rande studie av livsverdframstillingane i D?blins roman fr? 1929 og G?nter Grass? Ein weites Feld (1995). Anders? essay vart trulig skrive alt i 1931, men publisert f?rst i Festschrift zum achtzigsten Geburtstag von Georg Luk?cs, Neuwied 1965. Storbysosiologisk st?r det innafor tradisjonen etter Simmel, litteraturteoretisk er det inspirert av Luk?cs? Theorie des Romans. Det som framleis gjer det ikkje berre interessant, men ogs? aktuelt, er for det f?rste Anders? spr?kfilosofiske refleksjonar som peiker like inn i det som i dag er ein r?dande tilstand i tekstteoretisk og diskursanalytisk metodikk, for det andre hans sosialpsykologiske teoriutvikling, delvis polemisk retta mot Heideggers Daseins-analysar. Han taler om eit ?Mensch ohne Welt? med meiningstap p? fleire niv?, praktisk og ontologisk: tap av arbeid, tap av herred?mme i ei forvalta verd, tap av haldepunkt i ei pluralistisk verd. Slik sett kan dette essayet trulig gi noen fruktbare innfallsvinklar ogs? til ei lesing av G?nter Grass? ?nach-der-Wende?-roman fr? 1995. Papiret vil derfor utpr?ve kor forklaringssterke desse innfallsvinklane er for denne teksten fr? den seine 1900-talsmoderniteten.
Published
2011-01-01
Issue
Section
N. European literature 1 / Europ?isk litteratur 1