Berlin 1930/1995: Frå Alexanderplatz til Ein weites Feld

Gunnar Foss

Abstract


Papiret vil, med teoretisk utgangspunkt i ei kritisk lesing av Günther Anders’ essay ”Der verwüstete Mensch. Über Welt- und Sprachlosigkeit i Döblins ’Berlin Alexanderplatz’”, gjera ein jamførande studie av livsverdframstillingane i Döblins roman frå 1929 og Günter Grass’ Ein weites Feld (1995). Anders’ essay vart trulig skrive alt i 1931, men publisert først i Festschrift zum achtzigsten Geburtstag von Georg Lukács, Neuwied 1965. Storbysosiologisk står det innafor tradisjonen etter Simmel, litteraturteoretisk er det inspirert av Lukács’ Theorie des Romans. Det som framleis gjer det ikkje berre interessant, men også aktuelt, er for det første Anders’ språkfilosofiske refleksjonar som peiker like inn i det som i dag er ein rådande tilstand i tekstteoretisk og diskursanalytisk metodikk, for det andre hans sosialpsykologiske teoriutvikling, delvis polemisk retta mot Heideggers Daseins-analysar. Han taler om eit ”Mensch ohne Welt” med meiningstap på fleire nivå, praktisk og ontologisk: tap av arbeid, tap av herredømme i ei forvalta verd, tap av haldepunkt i ei pluralistisk verd. Slik sett kan dette essayet trulig gi noen fruktbare innfallsvinklar også til ei lesing av Günter Grass’ ”nach-der-Wende”-roman frå 1995. Papiret vil derfor utprøve kor forklaringssterke desse innfallsvinklane er for denne teksten frå den seine 1900-talsmoderniteten.

Full Text:

PDF

Refbacks

  • There are currently no refbacks.